Barne- Og Ungdomsarbeidar (Ribamontán al Mar)

Barne- Og Ungdomsarbeidar (Ribamontán al Mar)

23 nov
|
Valle kommune
|
Ribamontán al Mar

23 nov

Valle kommune

Ribamontán al Mar

Vil du vere med på å skape ein barnehagekvardag med omsorg, inkluderande leik og meistring?

Med visjonen «Robuste barn i leikande miljø» søkjer Valle og Hylestad barnehagar ein fagleg engasjert barne- og ungdomsarbeidar til eit 100 % vikariat frå 4. januar til og med 8. august .

Me arbeider med kunnskapsmodellen og har helsefremjande oppvekst som eit sentralt satsingsområde. Gjennom leik, fysisk aktivitet og varierte uteopplevingar legg me til rette for meistring, rørsleglede og deltaking i fellesskapet. Målet er å fremje trivsel og utvikling og bidra til å utjamne sosiale forskjellar.

Barnehagen er organisert i to einingar, Valle og Hylestad.Hylestad-eininga ligg på Nomeland og har tre avdelingar. Valle-eininga ligg i skuleområdet i Valle. Stillinga er for tida lagd til Valle-eininga. Ved behov må du kunne arbeide ved begge einingane. Du må òg kunne arbeide på småbarnsavdeling.

Begge barnehagane har flotte uteområde og natur i nærmiljøet som gir gode høve til leik, utforsking og turar gjennom året.

Ivareta barna sitt behov for omsorg, tryggleik og gode relasjonar

Leggje til rette for inkluderande leik, medverknad og meistring i det daglege arbeidet

Bidra til eit nært og tillitsfullt samarbeid med føresette

Vere ein god rollemodell i møte med barn og vaksne

Bidra til fagleg utvikling og oppfølging av barnehagane sine satsingsområde

Bidra til eit trygt og inkluderande lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette

Kvalifikasjonar

Vi søkjer primært etter deg som har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Søkjarar med anna relevant utdanning og/eller relevant erfaring frå arbeid med barn kan òg bli vurderte.





Det er ønskjeleg med relevant erfaring frå arbeid i barnehage, særleg med dei yngste barna

Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg

Gode digitale ferdigheiter og evne til å nytte IKT-verktøy i planarbeid og dokumentasjon

Politiattest av nyare dato må leggjast fram før tilsetjing.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved dokumentasjon på utdanninga.

Personlege eigenskapar

Trygg, varm og tydeleg vaksen som møter barna med omsorg og nærvær

Ser alle barn som verdifulle og set barna sine behov i første rekkje

Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Arbeider sjølvstendig og målretta

Løysingsorientert, positiv og engasjert

Merksam på barna sine uttrykk og behov, og tilpassar støtta til kvart enkelt barn

Tek medansvar for eit trygt og inkluderande fellesskap prega av respekt og open dialog

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Eit fagleg fellesskap med vekt på utvikling og samarbeid

Godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer

Løn etter gjeldande tariff

Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad

Bedriftsleilegheit i Kristiansand sentrum

Svært gode pensjons- og forsikringsordningar

Gode kultur- og fritidstilbod for ulike interesser og aldersgrupper

Ei triveleg bygd å bu i

Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.

Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag **** innbyggjarar.

Besøk gjerne heimesida vår

📌 Barne- Og Ungdomsarbeidar (Ribamontán al Mar)
🏢 Valle kommune
📍 Ribamontán al Mar

Postulate a este anuncio

Muestra tus habilidades a la empresa, rellenar el formulario y deja un toque personal en la carta, ayudará el reclutador en la elección del candidato.

Suscribete a esta alerta:

Recibe por email las nuevas ofertas de trabajo para: barne- og ungdomsarbeidar (ribamontán al mar) / ribamontán al mar

Suscribete a esta alerta:

Recibe por email las nuevas ofertas de trabajo para: barne- og ungdomsarbeidar (ribamontán al mar) / ribamontán al mar